Av: Sigurd André Maraas, varaordførar i Fitjar (Frp)

Det vert hevda at Fitjar kommune sitt vedtak om berre å ta imot flyktningar frå Ukraina i 2024 er eit uttrykk for rasisme og ekskludering.

Eg vil på det sterkaste tilbakevisa denne påstanden og understreka at fleirtalls-vedtaket vårt i kommunestyret i Fitjar kun er basert på reell kapasitet, økonomi og eit ynskje om å kunna gje best mogleg hjelp til dei tjuefem flyktningane som kjem til Fitjar kommune uavhengig av kor dei kjem frå. Ein må sette ting i rett kontekst!

Fitjar kommune er, og skal vera, ein samlande og inkluderande kommune. Mange kritiske røyster har ikkje fått med seg at me framleis tar imot flyktningar frå andre delar av verda i tillegg til dei tjuefem frå Ukraina, men då via familiegjenforeining m.m. Det vedtaket me har gjort no er gjorde ut frå dei faktiske forhold og kapasiteten i kommunen vår, utifrå ein konkret forespørsel frå IMDI.

Det blir fleire gonger vist til Drammen sitt vedtak. For dei av dykk som er interesserte så tilrår eg å lesa vedtaka og saksutgreiingane frå både Drammen og Fitjar, der kjem det nemleg tydeleg fram at det er to heilt ulike utredningar som ligg i sakene.

I ei tid kor økonomiske ressursar er avgrensa og tilgang på kvalifisert personell er krevjande, er det viktigare en nokon gong å ta avgjerder baserte på fakta og ikkje kjensler. Fitjar kommune har gjort grundige vurderingar av kapasiteten sin for å kunna inntegrera å hjelpa flyktningar på ein god måte. Dette handlar ikkje om rasisme, men om å kunna yta best mogleg hjelp til dei som treng det mest.

Enkelte politikarar frå mindretallet, andre enkeltpersonar og organisasjonar har i aviser og på rådhustrappa hevda at dette er eit uttrykk for rasisme og ekskludering, at det er eit stygt vedtak og så vidare, at det ikkje er Fitjar kommune verdig er og ord som vert brukt, men det er altså viktig å hugsa at det er eit faktabasert vedtak som er basert på dei reelle moglegheitene for kommunen. Å kalla dette for rasisme er ei feilaktig tolking av kva rasisme er etter mitt syn.

Det er djupt urovekkjande når mindretalet i ei sak snakkar mot betre vitande og skuldar andre for rasisme og forskjellsbehandling sjølv om det gong på gong blir tilbakevist. Kva samfunn ønskjer me å ha dersom fakta ikkje lenger skal vera styrande? Me har alle eit ansvar for tenestetilbodet i Fitjar.

Ein kan ikkje alltid tilpassa saksutgreiingane til sine eigne meiningar og ynskjer. Saksutgreiingar som dette er fakta. Dessverre ser eg at det oftare no er ein eigen vilje til å mistru dei faglege og faktiske vurderingane til kommunedirektøren. Dette vil ikkje eg vera med på å legitimera.

Me må stå saman som lokalsamfunn og forstå at me ikkje tenar på å dyrka fram kunstige konfliktar og splid. Effekten av dette vedtaket som er gjort er at det no kjem tjuefem trengande flyktningar frå Ukraina til oss som me får hjelpt og gitt eit betre liv i fred. Kan me ikkje heller bere gleda oss over dette?

Problemstillinga som blir trekt opp er ei konstruert problemstilling som ikkje har rot i virkeligheten. Me sorterer ikkje, me fortel om høva våre til å kunna hjelpa flest mogleg best mogleg. Eg er djupt skuffa over at enkelte politikarar, som eigentleg veit betre enn dette, hiv seg med på bølgja og snakkar ned Fitjar kommune og dei politiske kollegaene sine på denne måten her. Eg er ikkje og har aldri vert rasist, og eg tar avstand frå rasisme. Eg vil heller beskrivast som ein realist som tenkjer på Fitjar kommune og innbyggjarane, både nye og gamle, sitt ve og vel tjuefire timar i døgnet.

Fitjar kommune ynskjer å kunna gje ein trygg og god tilværelse til dei flyktningane me tar imot, og det er nettopp dette som ligg til grunn for vedtaket vårt.

Det er på tide å erkjenna at dette ikkje handlar om rasisme, men om å ta ansvar og gjera det som er best for både flyktningane som kjem til oss, heilskapen, kapasiteten og lokalsamfunnet vårt.