På plass på Voss
På plass i bakken på Voss. F.v. Sigvald Leirvik, Ingrid Fjøsne, Ingvild Oma, Hildegard Matre Berrefjord, Thor Sundal og Eirik Larsen. Foto: Håkon C. Hartvedt

På plass på Voss

8-klassingane er komne vel fram til Voss der dei skal vera på leirskule fram til fredag. Bortsett i frå eit trassig beinbrot har elevane hatt ein fin dag i bakkane.

Håkon Carl Hartvedt Publisert: 08.02.10 | Oppdatert: 08.02.10 kl: 22:06


Frå Hanguren og vidare opp. Fremst: Hildegard Matre Berrefjord. Fot: Håkon C. Hartvedt

Det går etter forholda bra med eleven som braut den eine foten, og han er i dei beste hender på sjukehuset på Voss der òg far hans er til stades.

Alle elevane kom seg elles opp i bakkane og har fått prøvt seg på slalåmski eller snøbrett. Me har allereie sett stor framgang og ser at dei vil læra mykje denne veka.

I dag var det noko kaldt i skuggen, men vêret er elles heilt strålande med gode føreforhold. Prognosane lovar svært bra for resten av veka òg. 

 


Saksa frå http://www.fitjarposten.no