
Fitjar skulekorps hadde ei kjekk og vellukka øvingshelg i Kinsarvik i helga.






Det var veldig kjekt og koseleg, sa ungane i bilen på veg heim. Det kjekkaste var at me fekk sova i hytter, i staden for klasserom, meinte dei mellomste jentene.
Då 22 musikkantar, 9 foreldre, 1 maskot og 1 dirigent kom til Hardangertun i Kinsarvik utpå fredagskvelden vart me alle innlosjerte i hytter. Mellom 3 og 8 personar i kvar hytte.
Laurdagen gjekk med til gruppeøvingar og fellesøvingar. Midt på dagen var det ein pause med anledning til å boltra seg i Familieparken like ved. Bassenga og skliene var mest populære, men det var og jungelløypa der, aktivitetstelt, stor klatrepyramide, bilar, båtar m.m.
Om kvelden fann Ole Kristian fram Kubb og Hesteskospel, og mange prøvde seg på det. Andre spelte fotball eller badmington i mørket. Sola stod seint opp og gjekk tidleg ned i Kinsarvik, i motsetnad til musikkantane som var tidleg oppe og seine i seng.... Sjølv om me kunne nyta sola som varma om dagen, vart det snart svært kaldt om kvelden, og då søkte alle inn i hyttene. I den hytta der dei yngste høyrde til stod stemingen i taket om laurdagskvelden, etter eit stort sukkerinntak.... Kiosk på området har fordeler og ulemper. Men ellers var ungane og ungdomane svært greie og oppførde seg eksemplarisk.
Søndag var det øving igjen, pakking og utvasking.
Det var lang køyretid, men ungane syns dei hadde gode sjåførar og at det gjekk kjapt. Det var heller ingen (ungar) som surmulde då me måtte venta 1,5 time på ferja på Ranavik. Ventetida vart fylt med rullesko-køyring, mat, prat, hesteskokasting, flaskesamling, steinkasting..... Men den aller kjekkaste delen av reisa var ferjeturen, for der var det kiosk... og bord til å spela kort på.
No gler musikkantane seg til øvinga måndagskvelden, då har dei blitt førespeilt å få fleire Vamp-songar. Dei fekk god kontroll på Tir n'a noir og Månemann i løpet av helga, og gler seg no til å få fleire songar som dei har høyrd før. Det er det som er kjekkast, seier Kristi Rydland, når me kan teksten til songane me skal spela.
Dei som lurer på korleis det musikkalske utbyttet av turen var bør ta seg ein tur til skulen i dag mellom kl. 17.30 og 19.30, og stå på gangen utforbi musikksalen, så får dei truleg ein flott gratiskonsert.
Det var kjekt på turen, og ferdig med det, seier Helga J. Raunholm, meir treng ikkje folk veta.
Saksa frå http://www.fitjarposten.no