Lesarbrev: Santorini - Syden med stor S

Og det er ikkje negativt meint, for ein meir avslappande plass skal du leita lenge etter.

Om du ynskjer deg vekk frå eit stressande kvardagsliv heime i Noreg, bør du leggje ferieturen til den vesle byen Perissa på den greske øya Santorini.

Øya er ein del av øygruppa Kykladene og har omkring 15 550 innbyggjarar. Perissa er ein relativt ny feriestad, som ligg på Santorinis austside.

Byen strekk seg langs ein 5-6 km lang, grovkorna strand med svart lavasand, og du kan plukke med deg fine lavasteiner når du er på stranda.

Heile øya er nemleg restane av ein enorm vulkansk eksplosjon som skjedde for om lag 3500 år sidan.

Eksplosjonen øydela dei første busettingane på Santorini, og gjorde det som opphavleg var ei rund øy til fleire mindre øyer som no omkransar ein svær, rektangulær lagune.

Mange tar turen frå Perissa til Fira, den største byen og hovudstaden på øya. I Fira kan du gå opp og ned i utallege små gater og nyte den fantastiske utsikta over den store lagunen.

Byane Kamari og Oia er også populære reisemål. Det er ikkje langt til noko på Santorini, som knapt er på størrelse med halve Stordøya.

Turistane som kjem til Perissa er hovudsaklig frå Storbritannia, Tyskland og Russland. Her er det overraskande få skandinavar, noko som kan vere godt viss du vil ha eit avbrekk frå det kalde nord.

Å nyte sola er ei sjølvfølge, samt å utforske den greske matkulturen.

Utanom dette kan du i Perissa prøve ulike typar vassport. Paragliding frå båt, dykking og vannscooterkjøyring er spesielt populært blant turistane.

På Santorini er det rom for å gjere akkurat det du vil, når du vil. Den rolige atmosfæren er upåklageleg.