SV og dei vidaregåande skolane i Sunnhordland


Hordaland SV går både mot å leggje ned utdanningsprogram på dei vidaregåande skolane i Sunnhordland og mot å leggje ned vidaregåande skolar i Sunnhordland.

Dersom Hordaland fylkeskommune vil spare pengar på å leggje ned og slå saman vidaregåande skolar, må dette skje i Bergen. Her blir konsekvensane for elevane mindre enn om det skjer i distrikta.

Det står i den fylkeskommunale skolebruksplanen at ingen elevar bør ha meir enn ein times reisetid frå bustaden til skolen. Dersom skolar eller utdanningsprogram på skolane blir lagt ned, vil mange elevar få meir enn ein times reisetid til skolen. Vi må også tenke på klima og miljø og ikkje leggje opp til meir transport enn nødvendig.

Dersom elevar skal bu på hybel, kan dette medføre ei ekstrautgift som ikkje alle foreldre/elevar har råd til sjølv om dei får støtte frå Lånekassen. Dette vil bryte med prinsippet om at den vidaregåande skolen skal vere gratis for alle. Elevar kan bli hindra i å ta den utdanninga dei ønsker. Elevar som bur på hybel mister oppfølging frå foreldra i skolekvardagen. Fråfallet i skolen kan bli større.

Det er svært viktig for rekruttering av kvalifisert arbeidskraft til næringslivet i distrikta at dei vidaregåande skolane får halde fram med same breidda i utdanningsprogramma som i dag. Dette aukar også sjansen for at elevane vil bli buande i heimkommunen sin i framtida. Til dømes er reiseliv ei distriktsnæring som treng lærlingar som har gått på Restaurant- og matfag. Både Kvinnherad og Fitjar vidaregåande skolar må oppretthalde tilboda sine om Restaurant- og matfag. Det er også viktig at dei vidaregåande skolane har god blanding av tradisjonelle jente- og gutefag.

Region Sunnhordland bør ha tilbod om studiespesialisering med formgjevingsfag.
Hordaland SV vil oppretthalde Kvinnherad vgs, Austevoll vgs, Etne vgs, Bømlo vgs, Rubbestadneset vgs, Stord vgs og Fitjar vgs med alle utdanningsprogramma og klassane som skolane har i dag.