Me gler oss over fleire positive tiltak i Fitjar, men...

Karvel Strømme har sendt ein e-post der han gir ris til Fitjar kommune. Det er og han som har tatt alle bileta.

Me gler oss over fleire positive tiltak i Fitjar, t. d. dei flotte blome-arr. som ekteparet Ingebrigtsen delar med oss, Fitjar-festivalen med det spennande innhaldet. Men så er det noko som skjemmer dette biletet, og utruleg nok er det Fitjar kommune sjølv som er "syndaren". Bileta talar for seg, og det er trist at dette ikkje blir prioritert. Rådhuset og området rundt , er kommunen, dvs. innbyggjarane i Fitjar, sitt "andlet" , og det er dette som kvar dag møter oss, og tilreisande når dei finn vegen til Fitjar. Og om ikkje dei som "styrer" oss syns dette er viktig, så våger eg å sei at det gjer dei fleste andre innbygjarane i kommunen.

Eg klandrar ikkje einskildpersonar, eller einskild-etatar, for eg veit at nokon gjer så godt dei kan for å få ting gjort. Eg klandrar heile Fitjar kommune fordi dei ikkje tar tak i ting som eigentlig ikkje tar så lang tid, eller koster så mykje, men som....slik eg ser det...ikkje blir prioritert. Viss det er andre grunnar, så trur eg publikum gjerne vil vita det.

Helsing Karvel Strømme