Dagens ros

Fitjar kraftlag får dagens ros frå ein av våre lesarar.

Nils Vestbøstad skriv:
Me har gjenomlevd ein ganske vindfull desember. Rundt oss på alle kantar har me høyrt korleis vinden har herja med linjenettet og lagt bygdelag svarte i dagevis. Eg vil gje ros til Fitjar kraftlag som har teke ansvar med å rydda skog langs linjene slik at vinden har hatt få tre å leggja innpå linjene.