Kvardagen, tidsklemma og kollektivtransport!

Grete Marit Veka Maraas i Fitjar senterparti har sendt oss eit lesarbrev om kollektivtransport på Fitjar.

Ja så var me i gong att. Sommarferien er over. Far og mor i jobb, og ungane er byrja på skulen att. Alt er tilbake til normalen. Det var slik me hadde det før sommarferien og. Me merkar det i heimen nokon kvar. Hausten er komen og alle fritidsaktivitetane er starta opp. Det er berre å finna fram kalenderen og byrja å organisera ettermiddagane og kveldane. Kven skal køyra på fotball og kor tid? Skal me køyra i saman med nokon og ta kvar vår gong, eller…? Så var det handball, musikkskulen, skulekorpset, ope hus, krik ovs. Det er mykje å finna på for den som vil vera aktiv. Kjekke og positive ting alt saman, og fint at borna og ungdommane har noko å ta seg til på fritida, det skal me vera glade for. Men det var den køyringa då….Få kabalen til å gå opp…, slik at far og mor får tid til å lesa avisa før sengetid, og at ” dei håpefulle” får sysla med aktivitetane sine. Det er her kollektivtilbodet kjem inn i bilete. Tenk om bussen frå Leirvik til Fitjar hadde gått om Øvrebygda på ettermiddagen. Sameleis kunne bussen frå Fitjar til Leirvik gått om Øvrebygda på kvelden. Dei fleste som tar desse bussane mellom Øvrebygda og Fitjar høyre til i Øvrebygda. Då vert det litt tungvindt med buss-stopp på Rydland. Det er langt frå Koløya til Rydland og frå Helland til Rydland. Kollektivtilbodet til, frå og i kommunen er viktig. Dette er noko Fitjar senterparti ynskjer å forbetra på sikt. Det er ikkje alle som er like heldig som undertegna, for stort sett kvar torsdag kl. 19.10 stoppar musikkbussen i tunet mitt. Då er det berre å koma seg innpå og finna seg eit sete. Når øvinga er slutt, så går musikkbussen heimatt og. Tenk om alle hadde hatt eit slikt tilbod.

Grete Marit Veka Maraas
2.kandidat Fitjar senterparti