Flott service

Som utflytta Fitjarbu har eg hatt lyst å sjå museet i Årskog, då dette har blitt utvikla etter at eg "flagga ut".

Ein dag bestemte eg meg for å undersøke om dette let seg gjere. Eg ringte Kundetorget i kommunen og møtte ei velvillig røyst, Ingunn Raunholm. Eg kom med mitt spørsmål. Ho skulle sjekke om dette let seg ordne.

Ei stund etterpå ringte Ingunn Raunholm og tilbaud seg å visa meg rundt i museet. Eg møtte opp i Årskog og fekk ei omvising. For meg var det interessant å sjå og høyra historia om bakgrunnen for museet, og sjå meg rundt.

Det viste seg at Ingunn Raunholm hadde ferie. Likevel tilbaud ho seg å gjera dette. Eg blei imponert. Etter dette skjønar eg at ho må vera rett person på Kundetorget. Å bli møtt på en slik positiv måte, gir et godt førsteinntrykk når ein tek kontakt med kommunen. Så tusen takk, Ingunn!

Sylvi Levåg, ferierande i Thea Træet, 2.etg