Aktivitør på Fitjar Bu- og Behandlingssenter på plass att

På siste kommunestyre kom Fitjar Arbeidarparti med framlegg om å få på plass attende aktivitør stillinga på Fitjar Bu- og Behandlingssenter (FBB).

Dette vart heldigvis vedteke, sjølv om det satt langt inne å få ein del av dei andre partia med på dette framlegget. Midlar til aktivitørstillinga vart vedteke, mot røystene til Høgre og Venstre.

Fitjar Ap var i si tid med å ta bort denne stillinga på grunn av store underskot i kommunen. Dette fekk underteikna som dåverande Ordførar mykje kjeft for (noko som sikkert også var fortent!). Kommuneøkonomien har no betra seg, og me meiner at denne stillinga er svært viktig for både trivsel og helse, for bebuarane og dei som er mellombels på FBB for opptrening m.m.  Me vil spesielt nemna at stillinga er viktig i demensomsorga.

Etter at fleirtalet i kommunestyre prioriterte å få ein ny stilling i administrasjonen på rådhuset, denne gong  mot røystene til Ap, H og FrP, meinte me at då må kommunen også sjå seg råd til å gje betre pleie og omsorg til dei eldre og sjuke i kommunen vår.  Me ville difor ha stillinga på plass alt no i haust. Det fekk me til og Fitjar Arbeidarparti har alltid prioritert eldreomsorga og me vil og gjera det i framtida også!

Me vil samstundes nytta høve til å ynskja alle i Fitjar god sommar!

Fitjar Arbeidarparti

Agnar Aarskog

gruppeleiar