Sundag 22. April 2018


På songfestival i Tallinn

Å vera til stades saman med om lag 60000 andre, og høyra estiske, nasjonale songar bli framførde av over 24000 korsongarar på den store utandørsscenen i Tallinn, er ei sterk oppleving.

Få land har så rike tradisjonar for korsong som dei baltiske statane, særleg Estland. Kampen for sjølvstende, som på nytt tok til på slutten av 80-talet, vert ofte kalla ”den syngjande revolusjonen”. Eit  enormt stort songarstemne i Tallinn, 10.-11. juni 1988, gav opphav til dette namnet, som symboliserte ein felles kamp mot Sovjet i Baltikum. Den største og kanskje mest kjende markeringa fann stad 23. august 1989, då nær 2 millionar menneske knytte ei 600 km lang kjede gjennom Estland, Latvia og Litauen. Også på denne dagen, nøyaktig 50 år etter at Molotov-Ribbentrop-pakta gav Sovjet frie tøylar til å invadera dei baltiske statane, stod songen sentralt i markeringa.

Dei store estiske songfestivalane har mykje til felles med dei olympiske leikane, men fredeleg kappestrid om medaljar, poeng, sekundar og meter er bytt ut med eit sterkt fokus på  nasjonal identitet og på fridomskamp. Den første songfestivalen fann stad i 1869, i universitetsbyen Tartu, den nest største byen i Estland. Etter 5 gonger med Tartu som vertskap vart festivalen så flytta til Tallinn, der den 25. i rekkja nyleg gjekk av stabelen. Nett som for dei olympiske leikane har krig og uro sett stoppar for arrangementet, men frå 1950 har festivalen kvart femte år vore den store, nasjonale massemønstringa. Ei lita endring skjedde i 1969, for å feira 100-årsjubileet, og som følgje av denne endringa er og 2009 festivalår, ikkje 2010.

I lang tid vart programmet nøye kontrollert av okkuperande styresmakter, både av tsarveldet og Sovjetregimet. Berre ”nøytrale” songar måtte syngjast, men likevel kunne ingen hindra at ei av dei viktigaste estiske nasjonalhymnene vart sungen mot slutten av korfestivalen, utanom det oppsette programmet. Heldigvis er det ikkje slik i dag, og i løpet av to lange konsertdagar får dei korsongarane og musikarane som er så heldige å bli plukka ut til å vera med, presentera eit breitt repertoar av estisk musikk.

Også på andre område minner songfestivalane oss om OL. På same måten som me har eit ”lite” vinter-OL, vert det arrangert ein mindre ungdomssongfestival, også kvart femte år. Første gongen var i 1962, og for 2 år sidan var det stort jubileum (tiande gongen). Då opplevde me eit like så stort kultureventyr som for nokre veker sidan. Opptoget frå sentrum av Tallinn og innmarsjen av deltakarane er eit syn å sjå, og når songfestivalelden vert tend, får me like sterke kjensler som då Haakon Magnus sleit seg opp trappene for å tenna den olympiske elden på Lillehammer. Før elden kjem til Tallinn, har han vore rundt store delar av landet, slik me og opplever det i olympiatider

Songfestivalen har og svært mange fellestrekk med 17. mai-feiringa vår. Laurdag klokka 14 starta prosesjonen frå Vabaduse väljak (Fridomsplassen), midt i Tallinn, og først 5 timar seinare hadde alle nådd fram til Laulu väljak (Songstaden), berre eit par kilometer frå sentrum. Med andre ord deltek ”heile” Estland i denne prosesjonen. Det er eit yrande folkeliv, med korsongarar og musikkorps, og eg trur berre 17. mai-toget langs Karl Johan kan tåla samanlikning. Folk har kome frå alle delar av landet, og dei aller fleste stiller i bunad. Dei store fellesarrangementa fredag, laurdag og søndag samlar rundt 200 000 tilskodarar og deltakarar. Mange sit og klistra framfor fjernsynsskjermen. Når me så veit at berre om lag 900 000 av dei 1.3 millionar innbyggjarane i landet er estiske, skjønar me kva plass songfestivalen har i hjarta til folket i Estland, og kor viktig det er for estarane å vera eit fritt land.

På den store songstaden er det ikkje den 5-6 timar lange konserten med gutekor, jentekor, barnekor, mannskor og blanda kor (tusenvis av songarar kvar gong) som er det viktigaste. Nei, her står det sosiale absolutt i høgsetet. Familiar og venegrupper slår seg ned i den store grasskråninga, for berre eit fåtal har sitjeplassar. Praten går om laust og fast, nokre les og andre solar seg. Innimellom får du med deg kulturelle drypp frå scenen, fleire hundre meter frå der du sit. Området rundt songstaden er eit einaste stort grillparty, men med nærare 100 salsstader tek det heldigvis ikkje så lang tid å ordna seg eit par måltid i løpet av dagen. Mot slutten av konserten er det likevel nesten ingen som står i kø for å kjøpa noko, for då er det tid for dei aller mest nasjonale hymnene. Nokre vert endåtil framførde to gonger, og det er ikkje fritt for at me får litt frysningar nedover ryggen medan me står ein times tid, høyrer alle stemma i, og filosoferer over kor godt det er å vera ein fri og sjølvstendig nasjon.

Folkemusikk og folkedans har og ein sentral plass i det estiske kulturlivet. Den første dansefestivalen fann stad i 1934, men no vert dei arrangerte parallelt med songfestivalen, i år for 18. gong. Tusenvis av dansarar, både estiske og inviterte grupper frå andre land, har i lang tid øvd på eit felles program. Etter nokre dagar med hektisk koreografi i Tallinn, er det eit vakkert syn når fleire tusen dansarar kjem ut på grasmatta på Kalev Stadium til musikk både av nyare merke og av meir tradisjonsrik karakter.  Også under ungdomssongfestivalen vert det skipa til dansefestival, men då kun for unge dansarar.

Tallinn skal vera europeisk kulturhovudstad i 2011, og byen kan verkeleg skilta med eit mangslunge kulturtilbod. Det nye kunstmuseet Kumu (opna 2006) er verdt eit besøk, og rundt i byen kan ein finna fire andre avdelingar av Eesti Kunstimuuseum pluss mange mindre galleri. I byen er det ein vakker og monumental bygning, Estonia, som husar både konsertsal og teaterscene. Også andre stader i byen kan ein oppleva rike musikk- eller teaterstunder, men ikkje så veldig mykje om sommaren. Då tek finkulturen ferie, som heime. Dei 9 første dagane av august har me dette året hatt ein vakker orgelfestival å gle oss over, og skulle me av ein eller annan uviss grunn ha sansen for Madonna, var det råd å få med seg ein av konsertane på turneen hennar.

Likevel har me i sommar fått med oss kulturell ballast så det skulle halda for ei stund. Folklorefestivalen i Võru fekk uheldigvis eit frykteleg regnver på besøk, men før me måtte søkja tilflukt, skjøna me raskt at trekkspel er eit viktig musikkinstrument i den søraustlege delen av Estland. Kihnu Virve, ei 81 år gammal dame som kjem frå den vesle øya Kihnu mellom Estland og Latvia, er på mange måtar eit nasjonalt ikon i Estland. Å oppleva henne i fri utfalding på folkemusikkonsert i Rakvere, 70 km aust for Tallinn, var interessant, sjølv om kanskje ikkje den musikalske opplevinga var den heilt store. Då var det mykje meir trøkk når 4 av dei aller største popstjernene gav utandørs konsert  i Rapla, 5 mil sør for Tallinn. Dei var på ei vekes turne i Estland (rekk eigentleg over heile landet då), og for under 100 kroner kunne me få med oss ein framifrå konsert på nær tre timar. Det som slo oss der, var at kvar einaste song vart framført på estisk, også dei me kjende att som slagerar på den internasjonale pop-himmelen.

Men ikkje noko av dette andre me opplevde, kunne måla seg mot songfestivalen. Sjølv om dette først og fremst er ei markering av estisk musikk, språk, fridom og nasjonal sjølvkjensle i det heile, fann me mange tilreisande deltakarar, mellom anna tre norske musikkorps. Me kunne også høyra ein og annan prata norsk blant publikum. Tallinn har blitt eit populært reisemål for fleire nordmenn. Billigflyselskapa har gjort det enkelt å ta ei langhelg i den estiske hovudstaden, og me har treft mange norske ruslande rundt i den sjarmerande gamlebyen.

Så då satsar me vel på å møtast på songfestival i Tallinn i juli 2014?

Hoggorm på Engesund Visningssenter!

21.04.2018 Kjetil Rydland

Sjeldan gjest på merdkanten i Engesund. Foto: Goff Artsamai. Hoggorm på Engesund Visningssenter! Fredag morgon dukka det opp ein ubeden og svært sjeldan gjest på  Engesund Visningssenter i Fitjarøyane, då ein hoggorm brått sat...

Les meir ...

Bremnesingane blei altfor sterke for A-l…

21.04.2018 Kjetil Rydland

Fitjar nede for teljing med null poeng etter tre kampar. Foto: Kjetil Rydland. Bremnesingane blei altfor sterke for A-laget Trass ei tidleg leiing ved Daniel Skarpnes viste Fitjar-gutane seg altfor veike og...

Les meir ...

Første vigsla for ordføraren

20.04.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.   Første vigsla for ordføraren Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31)...

Les meir ...
annonse

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...

Fjord1 med ny nettside

19.04.2018 Kjetil Rydland

MF "Vågsøy" går i sambandet Sandvikvåg-Husavik. Foto: FP-arkiv/KR.  Fjord1 med ny nettside Ferjeselskapet Fjord1 lanserer ny nettside med eit heilt nytt visuelt inntrykk. 

Les meir ...
annonse

Marie 9 år

22.04.2018 Kjetil Rydland

 Marie fyller ni år i dag! Marie 9 år Gratulerer så masse med 9-årsdagen søndag 22.04! 

Les meir ...
annonse