Kvar er fokuset?

Eigedomsskatt i Fitjar. Lesarinnlegg frå Åse Toskedal Koløen for kommunestyregruppa til Fitjar Senterparti.

Me merkar oss med undring korleis fokuset i saka om eigedomsskatt i Fitjar har endra seg gjennom endelause budsjettforhandlingar for 2009. Krf såg seg nøydde til å gå inn for eigedomsskatt etter at dei såg realitetane i høve til at Fitjar kommune mangla fleire millionar kroner i naudsynte inntekter for å oppretthalde tenestetilbodet til innbyggjarane våre på eit forsvarleg nivå. Dette foreslo dei saman med kommunestyregruppa i SP, og dette står me i SP framleis for. Eigedomsskatt er ikkje noko me ynskjer i Fitjar Kommune, me skulle gjerne sett at me klarte oss utan. Me har vore klare på at dukkar det opp realistiske og like gode inntektskjelder som skatten, går me gjerne for det, men til no tør me påstå at ingen slike forslag har kome på bordet. Grunna stort arbeidspress, mange sjukemeldingar og stadig for lite fagfolk vert presset stort, spesielt innan pleie og omsorg . Med mangel på fagfolk og våre store omsorgsoppgåver generelt, MÅ me ha dette felles løftet for at ingen pleietrengande skal li unødig under ein dårleg kommuneøkonomi.

Vel, det er synd at fokuset kring eigedomsskatten går frå korleis me best mogleg kan sikra at innbyggjarane får den hjelpa dei treng og har rett på, til å handle om ein partikrig og dels ein personkrig mellom politikarar i kommunen. Brot på alliansar og avtalar følast sjølvsagt surt, det skjønar me, men ein må ikkje i iveren etter å ha siste ordet gløyme kvar fokuset må være, nemleg på brukaren av tenestene. Me burde for lenge sidan vore ferdige med diskusjonane kring skatten, og la oss setje punktum i denne prosessen i kommunestyresalen onsdag!

Åse Toskedal Koløen
for kommunestyregruppa til Fitjar SP.