Onsdag 21. Februar 2018


Kommentar til budsjetthansaminga

Her følgjer ein kommentar frå Fitjar Høgre angåande budsjetthansaminga i Fitjar kommunestyre 17.12.2008.

Fitjar Høgre inngjekk etter valget hausten 2007 ein samarbeidsavtale med KRF, FRP og V. Avtalen gjekk ut på at KRF skulle få ordførarstillinga mot blant anna at eigedomskatten ikkje skulle innførast i inneverande periode. Vidare var det og avtalefesta blant anna at Høgre skulle få styreplassen i SIM og at den reduserte stillingsprosenten til ordføraren skulle falla H til gode i form av frikjøp av planutvalsleiar/ varaordførar for å gje desse betre arbeidstilhøve i sine posisjonar. Det er med skuffelse ein finn at KRF har brote alle desse punkta, ein etter ein. Det er og skuffande at KRF ikkje eingong ville prøva å sjå om det var mogleg å setja opp eit budsjett utan eigedomsskatt saman med dei andre partane i avtalen. Slik me ser det er det denne type brot på lovnader som skapar politikarforakt, og påstanden om at det ikkje var eit reelt alternativ er feil.

I budsjettarbeidet la Fitjar Høgre fram eit ansvarleg budsjett utan innføring av eigedomskatt. I eit budsjett er det mange usikre variablar slik som straumpris, rente på lån, skatteinngongen osv. Me meiner likevel at me har vore realistiske i antagelsane. Budsjettforslaget hadde ein auke på 12% innan helse og omsorg og vidare 6% auke innan skule og oppvekst. Det var altså snakk om ein reduksjon i auken og ikkje nedskjæringar forøvreg, samanlikna med framlegget frå rådmannen. Det var heller ikkje på nokon måte snakk om oppsigelsar slik nokon har hevda. Me meiner me burde vore nøkterne slik situasjonen er i samfunnet om dagen, istaden for å auka skattepresset til fordel for meir eller mindre rein auke i driftsbudsjettet i kommunen. Det viktigaste for Fitjar mht inntektsida i driftsbudsjettet er kor mange som vel å busetja seg her, no håpar me inderleg at innføringa av eigedomsskatt ikkje får for store fylgjer for næringsliv og tilflyttning.

Mht innvesteringsbudsjettet var vårt forslag svært likt det som blei vedtatt og innehaldt blant anna bygging av dei to klasseromma på Rimbareid, men med nokre andre prioriteringar. Investering av programvare for eigedomskatt på kr. 560.000 såg me ikkje naudsynt av openbare grunnar.

Når situasjonen no er som den er ynskjer me vera løysningsorienterte og gjera vårt beste til at skatteinntekta i det minste blir forvalta på best mogleg måte.

Fitjar Høgre har vore klar heile vegen på at me er imot innføring av eigedomsskatt og vil fortsatt arbeida vidare for å få den fjerna så snart me kan få fleirtall for det.

Me takkar Venstre og FRP for lojal støtte i denne saka, sjølv om me ikkje vann fram, og ynskjer elles både politiske meiningsfeller, motstandara og fitjarbuen elles ei fredfull julehøgtid og eit godt nytt år.

Med venleg helsing
Fitjar Høgre

Kakefeiring med bismak på Joker

20.02.2018 Kjetil Rydland

Magne Skumsnes spanderer kake på kundane i høve 21-årsjubileet i dag. Foto: Kjetil Rydland. Kakefeiring med bismak på Joker I  dag feirar Filialen daglegvarer 21 år, og butikkeigar Magne Skumsnes spanderer marsipankake...

Les meir ...

4H skal vera synlege!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Jens Håkon Birkeland, nyvald leiar i 4H Hordaland. Foto: privat. 4H skal vera synlege! Sist helg var det årsmøte i 4H Hordaland. Over 150 ungdommar i salen og kø på talarstolen lovar...

Les meir ...

Ta opp hundeskiten!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Ta opp hundeskiten! Frå ein hundeeigar som tenkjer på andre har me fått ein klage på respektlause hundeeigarar i Rossneset.

Les meir ...
annonse

Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til t…

18.02.2018 Kjetil Rydland

Turid Bakke Braut vitjar Fitjar kyrkje denne veka.  Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til temakveld i Fitjar kyrkje Både mor og dotter har hatt mykje av oppveksten på Stord. Mange vil...

Les meir ...

God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...
annonse

OL-gull nesten til Fitjar!

21.02.2018 Kjetil Rydland

Sindre Henriksen ser at lagkameratane hans går inn til gull i lagtempo i dag. (Skjermdump Eurosport) OL-gull nesten til Fitjar! Under dagens i OL-lagtempo på skeiser i Pyeongchang gleid det norske laget...

Les meir ...