Sundag 21. Januar 2018


Reguleringsplan for Koløyholmen

Her følgjer spørsmål vedrørande reguleringsplanen for Koløyholmen til kommunestyret 12. desember. Spørsmåla er stilt av Ingeborg Helene Malkenes og Bernt Arne Ødegaard.

I. Kva konsekvensar vil planen ha for utviklinga i Koløyholmen?

- ein plan for framtida?
- kan planen gjennomførast?
- kva tid kan utbygginga starta?
- vil vedtaking av planen føra til opprydding og investering i området?
eller er den så stor og kostbar at den ikkje kan la seg realisera og kva skjer då ?

II. Er konsekvensane av iverksetjinga av planen utgreidd?

- for samfunnet?
- for miljø?

********

Denne planen vil setje utviklinga i Koløyholmen tilbake fordi planen er overdimensjonert og oppblåst. Dermed er ikkje planen muleg å realisere. Kven vil kjøpe dette?

Utbyggjar disponerer ikkje heile det regulerte arealet og har heller ikkje bindande avtale med grunneigarar. Dette gjeld iallfall leikeplassen og snuplass for buss.

Å vedta ein plan som ikkje kan gjennomførast er dårleg politikk. "Det er ikkje sikkert at det blir så stort og omfattande som det går fram av planen" seier Rune Sandvik i følge "Sunnhordland".

Kvifor ikkje vedta ein plan som kan gjennomførast?

Planen manglar ein grundig konsekvensanalyse og illustrasjonar.

I utvalsmøtet 9.desember vart følgjande tema ikkje nemnt med eit einaste ord verken av administrasjonen eller politikarane: radikal fortetting, mangel på fellesmiljø/naturlege møteplassar etc., 4 etasjar og radikal gesimshøgd på 14 meter. Dette er så vesentleg at det må debatterast.

Dessutan hadde politikarane fått planen i svart/kvitt versjon, dermed mista ein vesentleg informasjon i plankartet i førebuinga.

Denne saka er ikkje godt nok belyst. Ein så radikalt ny politikk som det denne saka inneber
må Kommunestyret gå grundig inn i, den høyrer definitivt ikkje heime i eit budsjettmøte.

Dette blir eit "pendlarsamfunn" der folk må kjøyre bil for kvart minste ærend, med så mykje folk blir belastninga stor på miljø og trafikktilhøva.

Utan naturleg fellesskap i form av butikk, kafe, liten samlingsstad innomhus, vil ikkje bumiljøet fungere. Parkeringsproblemet er ikkje løyst med normtala, for her er ikkje reserveareal i nærområdet.

Planen inneber alvorlege, negative konsekvensar som politikarane MÅ ta inn over seg.
Derfor nokre fakta frå planen, for dei 2 mest sentrale områda i planen:

Område D- "kaiområdet"
28 bueiningar 8 bustader 20 fritidsbustader 60 % BYA
estimert av oss: 3 personar x 28 = 84 personar på areal: 3,81daa
4 etasjar gesimshøgd 14 meter (5 bygg?)

Område C - i deler av stupbratt skråning bak kaiområdet
15 bueiningar alle fastbuande 45% BYA
estimert:  3 personar x 15 = 45 "flate"areal:  2,46 ( i bratt terreng)
4 etasjar gesimshøgd 14 meter (3 bygg?)

Radikal fortetting. Planen manglar fellesfunkasjonar som kan samle folk, berre leikeplass er teke med. Planområdet ligg i enden på ein veg, 1 mil frå Fitjar sentrum, omkransa av private eigedommmar - altså mangel på areal til felles formål seinare.

Koløyholmen er ikkje eit bygdesentrum i dag slik Rådmannen hevdar i innstillinga. Dersom det skal bli eit bygdesentrum så krevs det jo nettopp fellesfunksjonar her.

Kommunestyret må på befaring!

Dette er ikkje nei til all utbygging. Vi vil ha ein plan som fungerer og ikkje luftslott som ingen vil gjennomføre.

Ingeborg Helene Malkenes og Bernt Arne Ødegaard

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...
annonse
annonse

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...
annonse

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...