Takk, Ingebrigt!

Med stort vonbrot mottok me meldinga om at Ingebrigt Sørfonn ikkje var blitt renominert på Hordaland Krf si stortingsvalliste. Vi i Kristeleg Folkeparti må ha god råd som valde å ikkje gje den erfarne toppkandidaten fornya tillit.

Ingebrigt Sørfonn har på ein framifrå måte representert Kristeleg Folkeparti og Hordaland i sine år på Stortinget. I denne perioden har han vunne stor tillit lokalt og regionalt på Vestlandet. Betre enn nokon annan har han fulgt opp viktige lokale næringslivs- og samferdslesaker. Her kan eg nemna kampen for å fjerna ubåtvraket utanfor Fedje, nye gassferjer, maritim sektor og Sjøfartsdirektoratet til Haugesund.

Samstundes med sin store innsats for regionen, har Ingebrigt også makta å få tillit og viktige posisjonar sentralt i KrF. Vi hugsar korleis han haust etter haust fekk i land statsbudsjett på Stortinget, og etter valet i 2005 var han det naturlege valet som KrF sin parlamentariske nestleiar. Ingebrigt Sørfonn har også vore ein av dei tydelegaste og varmaste forsvararane for dei kristne grunnverdiane på Stortinget.

Som medlem av fylkestinget tidleg på 90-talet hadde eg sjølv gleda av å ha Ingebrigt som min gruppeleiar. Her opplevde eg ein god og dyktig leiar som var tydeleg på eigne meiningar – og samstundes interessert i kva andre menneske tenkte og hadde erfart. Eg opplevde allereie der Ingebrigt Sørfonn som ein sterk, engasjert og omsorgsfull politisk leiar.

Derfor vart eg både skuffa og overraska då meldinga kom om at Ingebrigt ikkje vart renominert. Eg kjenner ikke til kva spel som gjekk føre seg for å setja Ingebrigt på sidelinja, og no er det for seint å endra det. Men ei stor stor takk vil eg få senda deg, Ingebrigt! Takk for strålande innsats for oss vestlendingar og for oss som trufast har støtta opp om Kristeleg Folkeparti. Du har verkeleg vore vår mann på tinget!

Tordis Hareide
Rubbestadneset
18. november 2008