Lesarbrev frå Karvel Strømme

Eg må få lov til å senda Fitjarposten reaksjonen min på artikkelen "Fint framfor Fitjar rådhus til 17.mai", som dykkar utsende medarbeidar har skrive.

Er dette fint...?

Eg kan gå så langt som til å vedgå at dette er heilt vedlikehaldsfritt, men fint.....? Når me tenkjer på villnisset som herja i beda før, så er jo forklaringa grei :"Lat oss bli kvitt arbeidet med desse beda og få noko som me slepp å gjera noko med !"

Eg har ein sterk mistanke om at det er dette som har vore i tankane til dei som har bestemt dette (kven er dei, forresten...?)

Det vitnar i beste fall om mangel på sans for det som gjer eit uteområde - spesielt området rundt bygdas rådhus - vakkert og innbydande.

Eg vil kalla dette "steinbedet" eit estetisk magaplask,sett i høve til den flotte oppgraderinga som elles er gjort rundt Fitjar rådhus.

 

Fitjar,3.mai 2015

Karvel strømme