Måndag 22. Januar 2018


Fitjar skulekorps stakk av med både solistprisen, 1. plassen i 3. divisjon brass og vandrepokalen under Sotrafestivalen i helga.

Skulekorpset skulle delta med både juniorkorpset og hovudkorpset i korpskonkurransen Sotrafestivalen som fann stad på Fjell laurdag 19. november. Det var ein trøtt korpsgjeng som møttes til frukost på ferja over Bjørnefjorden.

Først ute på Sotra var juniorkorpset, som denne dagen bestod av sju førsteårs juniorar, fem andre års juniorar og fem seniorar. Skremmande bra, kult, stemningsfullt og solid var domarane Eigil Magnussen og Bengt Florvåg sin kommentar etterpå. Korpset framførde 1 og 2 og 3 og 4 Råkk, Skrekkfilm, Norwegian sunset og Lilla Blues. Juniorkorpsa vart ikkje rangert, men fekk fyldige domarakommentarar og deltakarmerke og diplom etterpå. I kommentarane til domarane kunne ein lesa at juniorkorpset fekk skryt for flott innmarsj, presist og rytmisk spel, kontrollert dynamikk, god artikulering, fine kontrastar og fin klang. I tillegg til at gruppesoloane vart trekt fram som gode vanka det og ekstra skryt til slagverk og tuba. Domarane takka for ein flott konsert og avslutta med å sei at juniorkorpset til Fitjar skulekorps har flott besetning med solid klangbotn og at dei framførde eit variert program på ein stødig og stilfull måte.

Etter litt mat, avslapping, handling for nokon sin del og lytting til andre korps var det Fitjar skulekorps sin tur. Korpset stilte i 3. divisjon brass med spesialkomponert stykke og 32 strålande blide musikkantar. Dei framførde The Hidden Soul of Harmony, komponert for Fitjar skulekorps av iren Richard Rock. Stykket består av fire satsar: Salsa, Baltic Dance, Elegy og Jamboree. Domarane likte det dei høyrde og skrytte av stykket og den sikre framføringa. I kommentaren sin skreiv dei at korpset synte musklar allereie frå starten. Korpset hadde bra samspel, dei var tydelege rytmisk, dynamisk var det veldig bra, dei hadde fint driv og god kontroll. Dirigenten fekk skryt for tydeleg direksjon, alle gruppesoloar og solistar fekk skryt, euphonium vart fleire gongar trekt positivt fram og det vanka ekstra skryt til kornettrekkja og då ikkje minst bakrekkja. I sats tre var Anne Lunde solist på kornett. Her fekk korpset skryt for varmt, fint og kontrollert komp og om Anne si speling hadde dei skrive nydeleg klang og fin kontroll. Publikum, med stor overvekt av patriotar frå Fitjar, sat med bankane hjarter, tårevåte auger og gåsehud under framføringa, og gav korpset spontant ståande applaus etter siste tone.

Om kvelden var det festkonsert med Rong brass og premieutdeling. Det var knytt stor spenning til plasseringa. Fitjar skulekorps, som nykomera, stakk heilt uventa av med sigeren i 3. divisjon brass i Sotrafestivalen 2010. Korleis ville det gå i år? Musikkantane hadde prestert sitt aller, aller beste og dei hadde vist svært stor musikkglede på scenen. Første annonserte siger til Fitjar var solistprisen i 3. divisjon brass som gjekk til kornettist Anne Lunde. Så synte det seg at det ikkje berre var patriotane som syntes at Fitjar var best. Med 94 poeng for det musikalske og 9 poeng for programmet kom korpset opp i 103 poeng totalt og mottok, til stor jubel i den grønkledde leiren, første plassen i 3. divisjon brass. 103 poeng var den høgaste poengsum nokon som deltok i årets konkurranse fekk, uavhengig av klasse, og såleis fekk og Fitjar skulekorps eit napp i vandrepokalen. Heile korpset var eit stort smil då dei gjekk ut frå Bildøyhallen etter premieutdelinga. Er det mogleg å smila breiare, undra eg. ” Då måtte me hatt større ansikt”, kom det kjapt frå ein smilande 12-årig musikkant, og større ansikt, ja det har jo både dirigenten, leiaren og alle foreldra...

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...
annonse
annonse

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...