Sundag 22. April 2018


Fitjar Ten Sing, grønkledde speiderar og fleire store, festpynta dåpfølgje med mange bunader, ein engasjert kyrkjelydsprest og sol frå skyfri himmel skapte stor glede under familiegudstenesta i Fitjar kyrkje søndag føremiddag.

Etter at prosesjonen med tre dåpsfylgje, speidarar med banner og stort norsk flagg og kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu hadde kome inn i kyrkja, runga "Oh, happy day!" utover forsamlinga. Det var Fitjar Ten Sing med Ann Sofie Drønen som dirigent, Ingvild M. Oma på piano og Hildegard B. Matre som solist som hadde teke plass i koret og spreidde gledesstemning med sin flotte song. Seinare i gudstenesta hadde koret ei til avdeling med to litt mindre kjende Ten Sing-songar.

Fitjar speidarane som er tilknytta Norges KFUK-KFUM prega gudstenesta både ved å vera synlege i forsamlinga med sine grøne speidarskjorter og som aktive deltakarar både under prosesjonen, som forsongarar, med framføring av speidarlovnaden, truvedkjenninga, tekstlesing og forbøn. Dei satte eit kjekt og ungdommeleg preg på gudstenesta.

Allsongen var som alltid god i kyrkja og vart leia av ei forsongargruppe med fire ungdomar, akkompagnert av organsitvikar Olaug Gloppen.

Gudstenesta vart leia av kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu. I preika tok han m.a. utgangspunkt i bilete frå speidarane si forrige samling på speidarplassen på Rimbareid der dei laga fuglekassar. Han snakka om harmonien og freden han opplevde saman med speidarane i skogen. Det skjer mykje vondt og vanskeleg i verda, men Jesus kom med bodskap om fred. Denne bodskapen skal me både få ta imot sjølv og få dela med andre. Nobu fekk fram både smil og alvor med sine bilete og sine ord til ettertanke. "Fred vere med dykk, sa Jesus", og det gjorde læresveinane glade og det kan gjera oss glade.

Tre små vart borne til dåpen under gudstenesta, nokre sovande andre småsutrande. Men alle vart døypte i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, og alle fekk dåpsklut med seg heim til minne om denne store dagen.

Etter gudstenesta var det enkel kyrkjekaffi bak i benkeradene, og mange stoppa lenge opp på kyrkjetrappa med ein kaffikopp i handa.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Hoggorm på Engesund Visningssenter!

21.04.2018 Kjetil Rydland

Sjeldan gjest på merdkanten i Engesund. Foto: Goff Artsamai. Hoggorm på Engesund Visningssenter! Fredag morgon dukka det opp ein ubeden og svært sjeldan gjest på  Engesund Visningssenter i Fitjarøyane, då ein hoggorm brått sat...

Les meir ...

Bremnesingane blei altfor sterke for A-l…

21.04.2018 Kjetil Rydland

Fitjar nede for teljing med null poeng etter tre kampar. Foto: Kjetil Rydland. Bremnesingane blei altfor sterke for A-laget Trass ei tidleg leiing ved Daniel Skarpnes viste Fitjar-gutane seg altfor veike og...

Les meir ...

Første vigsla for ordføraren

20.04.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.   Første vigsla for ordføraren Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31)...

Les meir ...
annonse

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...

Fjord1 med ny nettside

19.04.2018 Kjetil Rydland

MF "Vågsøy" går i sambandet Sandvikvåg-Husavik. Foto: FP-arkiv/KR.  Fjord1 med ny nettside Ferjeselskapet Fjord1 lanserer ny nettside med eit heilt nytt visuelt inntrykk. 

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Marie 9 år

22.04.2018 Kjetil Rydland

 Marie fyller ni år i dag! Marie 9 år Gratulerer så masse med 9-årsdagen søndag 22.04! 

Les meir ...
annonse