Torsdag 14. Desember 2017


Det er  fitjardama Bjørg Strømme som er festivalkunstar, og opninga av utstillinga torsdag ettermiddag var startskotet for det offisielle programmet til Fitjarfestivalen.

Fitjarfestivalen er ein del av markeringa av Fitjar kommune sitt 150-årsjubileum. Festivalen går frå torsdag 19. august til søndag 22. august, og består av svært mange ulike aktivitetar.

Det var ein stolt ordførar som stod for opninga av festivalutstillinga, som finn stad i foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. På vegne av kommunen og festivalkomiteen takka ordførar Harald Rydland den lokale kunstnaren Bjørg Strømme for at ho ville setja opp denne utstillinga. "Me er glade for å ha ein kunstnar som Bjørg i Fitjar", sa han i opningstale sin. "Arbeidet hennar får god omtale og er med på å setja Fitjar på kartet på ein positiv måte. Kommunen set og pris på at ho formidlar fine motiv frå Fitjarbygda gjennom kunsten sin."

Utstillinga består av 27 bilete i ulike akvarell-teknikkar. Kunstnaren fortel at ein del av bileta har ho laga med tanke på denne utstillinga, resten har ho hatt liggjande. "Sæterbø gård", som er eit av bileta på utstillilnga, kan ein og finna i Sunnhordlanskallendaren for 2010 saman med eit dikt av Truls Horvei. Bjørg snakkar varmt og engasjert om akvarellteknikkar og spenninga med å jobba med mykje vatten, berre avbroten av folk som vil gratulera med utstillinga eller skryta av eit spesielt bilete. Nokre har fuglebileta som favorittar, andre landskapsbileta og endå andre bileta av eldre bygningar. Når ein male akvarell brukar ein mykje vatten, og tørkeprosessen er viktig for å få eit godt resultat, forklarer Bjørg. Det er denne tørkeprosessen som er så spennande med akvarellteknikken.

Utstillinga er gratis og open for alle, og bileta kjem til å henga i foajeen fram til 4. september. Alle bileta er til sals, og allereie første halvtimen var det minst eit av bileta som fekk den raude "selt"-lappen klistra på seg.

Som ordføraren sa så er utstillinga med på å heva kvaliteten på Fitjarfestivalen. I tillegg er den med å skapa bredde i arrangementa og er vel verd eit besøk.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Kjekk tradisjon for store og små

13.12.2017 Håkon C

Kjekk tradisjon for store og små Lucia: Lily Olava Thomassen, gut: Johannes Sørfonn Foto: Bakken Barnehage    Luciadagen gjekk såvisst ikkje upåakta hen i Bakken Barnehage i dag.

Les meir ...

Juletre ved Joker Rydland

13.12.2017 Kjetil Rydland

  Reidun Heradstveit blei den første juletrekunden hos 4H i år. Foto: Kjetil Rydland. Juletre ved Joker Rydland  Øvrebygda 4H held oppe tradisjonen, og sel juletre ved Filialen på Rydland.

Les meir ...

Språkkafé med variert meny

13.12.2017 Kjetil Rydland

Nazret, Asiya og Azeb kosa seg på språkkafé med Anne Marie Røed. Foto: Kjetil Rydland.  Språkkafé med variert meny I går var det språkkafé på Fitjar folkebibliotek for siste gong før jul...

Les meir ...
annonse
annonse

Friidrett på akebrett

12.12.2017 Kjetil Rydland

Marius Pedersen, Halvor Aga og Marius Torbjørnsen på friidrettstrening i vegen frå vassverket og oppover i ettermiddag. Foto: Kjetil Rydland.  Friidrett på akebrett Med akebrett, ski og anna vinterutstyr drog friidrettsfolket til vassverket...

Les meir ...

6-ar til Geir

12.12.2017 Håkon C

Geir med «Grøntboka». Foto: Paal-André Schwital 6-ar til Geir I ein fire heilsider lang artikkel der VG i går gir karakterar til haustens kokebøker er Geir Skeie si nye bok «Grøntboka» først nemnt...

Les meir ...

Skiføre på fjellet

11.12.2017 Kjetil Rydland

Skiløypa ligg klar, men ver snar, seier Ingrid A. Devik. Foto: Kjetil Rydland. Skiføre på fjellet Det er skiføre på vegen frå Olstjødno til Svartavatet og innover mot vindmøllene.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Sigrid Fangel ny leiar i Fitjar sokneråd

13.12.2017 Håkon C

Sigrid Fangel. Den nye soknerådsleiaren er og ein svært dyktig opplesar. Her les ho i samband med ei utstillingsopning i Galleri Losjen. Arkivfoto: FP/HCH Sigrid Fangel ny leiar i Fitjar sokneråd På...

Les meir ...
Engelsk-gutekor
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no