annonse
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Sundag 05. februar 2012

Opptur igjen

Turlaget sitt opptur-opplegg er ein suksess. Også i år. Over 25 000 åttandeklassingar har i dag vore til fjells, og mellom dei åttandeklassingane frå alle ungdomsskulane på Fitjar og Stord.

HÃ¥kon C. Hartvedt Publisert: onsdag 05. mai 2010

  • Sigvald Leirvik var først til topps av fitjarelevane. Foto: HÃ¥kon C. Hartvedt Sigvald Leirvik var først til topps av fitjarelevane. Foto: HÃ¥kon C. Hartvedt
  • Pust i bakken. Foto: HÃ¥kon C. Hartvedt. Pust i bakken. Foto: HÃ¥kon C. Hartvedt.
  • Nydeleg turdag. Foto: HÃ¥kon C. Hartvedt Nydeleg turdag. Foto: HÃ¥kon C. Hartvedt
  • Oppover, oppover, oppover. Foto: HÃ¥kon C. Hartvedt Oppover, oppover, oppover. Foto: HÃ¥kon C. Hartvedt

Starten gjekk som i fjor og i forfjor frå parkeringsplassen ved Fjellstova ved Lundarstøl. Turen i år gjekk til toppen av rundt 500 meter høge Steingjelsheddo, og det vart ein flott tur. Vêret synte seg frå si aller beste side, og så godt som alle kom seg til topps, flott "geleida" av eldsjelane frå Stord-Fitjar Turlag.

Og elevane let vel. Bortsett frå nokre som sleit litt med tempoet i den første bratte bakken var det berre positive kommentarar å høyre, og tilbake til Fjellstova vanka det fargerike T-skjorter til alle.

Elevane fortener skryt for svært godt naturvit. Me plukka nok opp eit og anna papir og nokre tomme "drikkeboksar", men mykje var det ikkje, sjølv om det ikkje treng vera nokon unnskyldning for dei få som kasta slikt i naturen.

Elles all ros til tiltaket. Opptur er eit kjempeflott arrangement, og Stord-Fitjar Turlag fortener ros for svært bra organisering. Elles er det berre å vona at dette er blitt ein tradisjon som held fram.

Men etter tre år med start frå Stord kunne det kanskje vera ein idè å starta frå Fitjar neste år? Me unnar gjerne Stordelevane å bli kjent med fitjarfjella òg.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
3797.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Familiegudsteneste i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
REMA 1000 Fitjar - www.rema.no
J.Fjeldtvedt AS - Mestervindu søker flere produksjonsarbeidere
Wärtsilä Cup 2011 vert arrangert 17. - 18. februar i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Meld deg på!