Fitjarposten
Hending
- Tittel:
- Badminton
- Når:
- 06.09.2010 - 06.09.2010
- Kor:
- Fitjar Kultur- og Idrettsbygg -
- Kategori:
- Anna
Beskrivelse
Badmintontrening
Mandagen vil me prøve å legge opp til trenar frå Stord. Etterkvart kan det hende me har nokon i klubben vår som kan ta på seg slikt trenaransvar. Avklaring frå Stord BK kjem i løpet av uka.
Badminton er noko for alle. Du blir svett frå første smash. Mange har spelt badminton i hagen før og det er ein god start. For oss som likar sporten blir poenget meir og finta ut motstandarden, enn å sjå kor mange slag me klarar før fjøra ligg på bakken.
Dette er tredje sessongen me spelar badminton på Fitjar. Kom å sjå om ikkje dette er noko for deg!
Me er ei gruppe under Fitjar IL. Kontingenten i klubben er 250,- i halvåret for vaksne og 150,- for honnør og born. Det er same kontingent om du er medlem i Fitjar IL frå før eller ikkje. Av kontingenten går det ein del til Norges Badminton Forbund (150,- for vaksne og 100,- for born). Som medlem får ein kjøpe plastballar og fjører til reduserte prisar på trening.



































