Skatteoppmåling

Dei  søkte i aviso på våren ein gong,
da var pensjonistar og andre ledige dei trong.
Lik dei styrande trong dei kje noko særleg kunna,
berre dei fekk oppmålinga brennfort unna.

Ditta var sjangsen folk hadde venta på,
tenk ærend for kommunen dei kunne få gå.
Folk stod i kø på teknisk etat
å dilla på rovo som hunden etter mat.

So gjekk dei på tokt i bygdo vår,
med skotsikker vest og vasskjemba hår.
Med målband på dryge hundra fot,
kart og papir i eit einaste rot.

Dei tok mål av hus som var so små
at dei to tørn rundt med bandet måtte gå.
Frå kommunalt hald har me høyrt da vart sagt,
skal  da bli velstand må bandet haldast slakt.

Under krigen fekk ogso folk besøk
av høgføtte menn, da var ikkje spøk.
Den gong vart dei kalla prispoliti,
dei tok mål av bingar med poteter oppi.

Teikning: Oddrun Hatlevik
Teikning: Oddrun Hatlevik

Som Stokken ser da finn du her