Fiskartysker

Lik grågåsa mot nord dei trekkjer,
frå Deutshe Wehrmacht i sør.
Hos nordmenn dei tankar vekkjer,
Dei brølar og skrik som før.

Men no kjem dei til oss som frender,
og ikkje som okkupant.
Ein finn dei langs norske strender,
i tusenvis, da er sant.

Dei har med seg da mesta dei brukar,
Alt frå ferskvatn til hermetikk.
Og da besta som finns av slikar,
Nokre ølfat og edlare drikk.

Med båtar dei ter seg nok ille,
Motorar vert køyrde i drav.
Heile dagen dei går med promille,
ofte ute på ope hav.

Og fisk får dei, han tykje,
da er storsei og ferdatorsk,
men dei dregst med den vanlege sykje,
dei vert sjøsjuk på ekta norsk.

Med grønskjær i trynet dei anar tabben,
både Robert, Jürgen og Hans.
Dei har gløymt å fylt diesel på Sabben,
Og då må dei padla til lands.

Teikning: Oddrun Hatlevik
Teikning: Oddrun Hatlevik

Som Stokken ser da finn du her