Kjedlardøro

Eg er ei dør i eit losjehus,
eg stengjer ikkje ute korkje rotta eller mus.
Nede er eg roten, hengsla den er treg,
panelet dekka berre halve meg.

Kvar syttande mai skjemst eg litt,
for på meg heila toget tek ein titt.
Huset ellers er mala og stelt,
men i kjedlarhalsen der er da fælt.

I hovedetasjen dei øve og øve,
å høyra på dei er ein smerteleg prøve.
Høgast er trompeten, sylande kvass,
lågast går Toralfen på sin irrgrøne bass.

Som sagt er eg gamal og mett av daga,
er da ingen i laget so kan spikra og saga.
Sløyf ei øving og vøl meg no,
fjøler har dei på Engevik & Co.

Teikning: Oddrun Hatlevik
Teikning: Oddrun Hatlevik

Som Stokken ser da finn du her