Myrk vår i Fitjar

No har me hatt ein nye mann ved roret,
me tenkjer på han i Fitjar som fører ordet.
Me håpar han gav lusingar til dei som trong,
so harde at dei hugsar da til ein annan gong.

Dei ansvarlige for eigedomsskatten lyt få seg ein smekk,
ved neste valg må dei reinskast vekk.
Me må ikkje tilgi, me må ikkje gløyma,
noter dei opp, lappen må de gøyma.

Me har sett på trykk at i Fitjar er godt å bu,
da skal da godt gjerast å få nokon til å tru.
Hvis nokon i villfarelse tenkjer å flytta her te,
so tenk dykk om både ein gong og tre.

Me i Koløyo må bita oss fast so godt me kan,
for å selja hus her da går nesten ikkje an.
For då kommunen gav bosplassen tomt og tuft,
mista me retten til å pusta i friske luft.

Fitjar kommune har ingen grunn til å skryta,
dei grafsar til seg utan å yta.
Me håpar da ikkje går so mange år
før Liv Kari tek oss med hud og hår.

Teikning: Oddrun Hatlevik
Teikning: Oddrun Hatlevik

Som Stokken ser da finn du her