Harde poteter

Da var ein gong ein mann som fyllte runde dag,
han ba i saman til eit festleg lag.
Han var matglad og visste kva dei sku eta,
da var svin , gulerot og skjøre poteta.

Men middagen den vart ein liten skandale,
no ska de få høyra kva som gjekk gale.
Fyrst song dei bordverset med folda hender
slik som ein gjere i kristne lender.

Dampande poteter på fatet låg,
folk ante lite da var frostrøyk dei såg.
Dei djervaste prøvde med gaffel og kniv,
men da vart eit beinhardt tidsfordriv.

So måtte ein øve til hardare lut,
baugfil og hoggejarn vart delte ut.
Aldrande tanngardar fekk sin bane,
men sausen var god for tongo og gane.

Potetbetane fauk både hit og dit,
nokre prøvde å leggja dei på sprit.
Da vart å eta sviske og svin,
å drukna skuffelsen i knallraude vin.

Teikning: Oddrun Hatlevik
Teikning: Oddrun Hatlevik

Som Stokken ser da finn du her