Fimbul

Me frys å hakka tedne,
me slit å måka snø.
No er da ingen som me kjedne
som rala om miljø.

Bellona har teke pause
i frå sitt globale skrål.
No sit dei i ovnskråa tause,
å fyrer med olja og kål.

Og SV fekk panikk her i haust,
da var Oslonominasjonen da gjaldt.
Dei kjøpte ungdomar, alt som gjekk laust,
kontingenten sin fekk dei betalt.

Vår grådige gråbein kavar,
grev til seg med sprikande klør.
Og tyner pensjonistar og slavar
med skattar verre enn før.

Han som til dagleg fører ordet,
som før var vår store von
står no og dreg belgen ved bordet,
med dampande gryter i Lyon.

Teikning: Oddrun Hatlevik
Teikning: Oddrun Hatlevik