Søra stovo

Den gildaste stovo eg har vore inne i
da var den so var besto og besten si.
Ovnen stod der so diger og svart,
den karen forterte nok litt av kvart.

Ein herlege ange kom frå oppsagd bjørk
som låg å este bak omnen til tørk.
Ellers var da mykje torv dei brende,
torvet i kipo tok visst aldrig ende.

Eg bisnast mykje øve alt eg såg,
slik som sengjo der besto og besten låg.
I den vart fleire av borna deira fødde,
i den låg besto då ho døydde.

Dei vaksne måtte i døro seg luta,
hu var høg nok til meg og andre små gutar.
Middagssola skein igjenom eit småruta glas
på ein gyngestol som mest stod på stas.

Lodduret på  veggen tok livet med ro,
men øste seg litt opp kvar gong hu slo.
Da var besten sin jobb å dra loddo opp,
hvis ongane prøvde fekk me snarleg stopp.

Radioen på komoden var kje store og fine,
men i preiko gav han adle tilgjeving for syndene sine.
Den styrde og været kvar time på dagen,
været var viktigare enn mat i magen.

Da er veldig lenge si besto og besten vandra,
stovo er sikkert mykje forandra.
Eg kunne gått inn, men eg vil ikkje da.
Eg vil huska stovo nett slik hu var.

Teikning: Oddrun Hatlevik
Teikning: Oddrun Hatlevik