Kjøleskapet

I adle heimar da på kjøkkenet står,
med klistremerkjer, magnetar og sår.
Der heng inbydelsar og ein rekning so stor,
og samtlige korta frå jula i fjor.

Der heng ein reklame for strikkagadn,
teikningar frå samtlige badnabadn.
Og midt frampå døro der adle kan sjå
ein falma plakat med flaggdagar på.

På toppen på skapet der ingen kan nå
står ei øskja med skrifta, kvitteringar på.
Der ligg bevis på kor kommunen deg flår,
da er ikkje småttri berre på eit år.

Opnar ein døro, da lyser so flott
i hyldle på hydle med alt so er godt.
Da mesta kjem i frå dauge dyr,
slik so smale, svin , hest og kyr.

Der er pote med lange ålar på,
kvitost so nesten sjølv kan gå.
I ein husholdning bere skapet den tyngsta børo,
med tre sortar mjølk og juice i døro.

Teikning: Oddrun Hatlevik
Teikning: Oddrun Hatlevik