Haust i Fitjar

Da haustast i Fitjar endo ein gong,
dei styrande syng sin klagesong.
Eingong i året er da slik
at dei vil slutta å skula i Sælevik.

Når vegljosa omsider skal tendast på,
har rådmannen lyst til å slå dei tå.
Slik er den kommunale fylgjetong,
me synest å ha høyrt den gong på gong.

Bondehæren har rusta seg til kamp,
dei vil skyta kvar einaste hjortaslamp.
Dei stupnar rundt i forsvinningsdrakt,
og kavar og slit på hjortaslakt.

Og Mariann hu har tevla i Beijing,
hu sym lika fort som me andre spring.
Ei kjempeflotte jenta som har nådd sitt mål,
med bronsemedalje og ein vilje av stål.

Hausten kjem sigande myrk og grå,
snart er da vottar og topplua på.
Me syte av tyngjande skattatrekk,
og kvir oss til skifting av vinterdekk.

Teikning: Oddrun Hatlevik
Teikning: Oddrun Hatlevik