Drapet på Røros

Eg gjekk å rusla for meg sjølv i Røros gamle by,
da var endo der Kjerkgata gjere ein sving.
Då kom i mot ein guling,arg som berre fy,
eg såg han ville stikka, og so meg av adle ting.

Eg rygga litt attende, men fyren fylgde på,
han freste på eit språk eg ikkje kjende.
Då vart eg litt forarga, skal mindre til som så,
med heva hand eg rett i mot han rende.

Eg slo so hardt eg makta med syltelabbo mi,
og tryne hans mot asfalten vart krasa.
Eg trampa han med foten i sko nummer ti,
og skrotten hans vart sundtrakka og masa.

De trur vel eg er ein råtass som helde på med slikt,
men eg er snilde som småfuglen på greina.
Men møter eg ein veps, då gjere eg mi plikt,
då slår eg han i hel, da sku eg meina.

Drapet på Røros - fitjarposten.no

 


Teikning: Oddrun Hatlevik