Ein freden`s dag

Han som ser alt, såg på Fitjarbygdo ned,
det er åttande mai, folk flagda for fred.
Bonden spreier møk på åker og eng,
dei arbeidsskye ligge å ryt i si seng.

Forunderlege bygg i Kråko skyte opp,
slik såg vel kanskje Arken ut på Arrarat`s topp.
Men dagen`s Noah har berre hund og katt,
da er ikkje mykje når floa kjeme att.

Folk spring å handla i butikkar ut og inn,
satsar litt på Lotto, håpar at dei vinn.
Hvis premien er liten kan dei kjøpa flaskegodt,
men går da heilt til topp`s, kan da bli eit hytteslott.

Men under Kulturhuset`s store flate tak
går da for seg ei jordskiftesak.
Da er nesten for gale å gå inn i finaværet,
sjølv om skiftesaka er aldri so svære.

Dei som deltek må vera veldig frustrerte,
for ovante kunne ein sjå kor vanvittig dei parkerte.
Å setja bilane på rekkje er vel adle si plikt,
men på fredsdagen var da ingen som tenkte på slikt.

Ein freden`s dag - Oddrun Hatlevik
Teikning: Oddrunn Hatlevik

Fleire tekstar av Magnus Stokken finn du her