Telt til besver

Tone: Gangdøra heime...

Korleis kan da ha seg at teltet står enda,
da burde ha blitt rive ned.
Men gamale vane er vonde å venda,
da står der til ska og fortred.
Om sumaren får ikkje naboen sova,
revyfolket dei både lyge og lova,
i år skal rabalderet ned.

Og adle dei ropar på øl attåt sjevo
hvis ikkje dei ymtar om bank.
Dei site med flise og tresmak i revo
på to gange åtta tom`s plank.
Og nokre dei tinga seg til og med pizza,
frå scenen servera dei utslitne vitsa,
men gjere so godt som dei kan.

Og gjestene site som sild i ei tydna,
og sminken og silsveitten renn.
Serveriga springe frå hydna til hydna
med øl, med papir og med penn.
Og ofta dei øve kvarandre må stiga,
for støtt er da nokon som må ut å miga
på naboen`s velstelte plen.

Nei ta no å flytta da vekk i frå stranda,
langt vekk i frå plen og frå hekk.
Da er jo ei ovdiger myr nord på Landa
med plass nok og passeleg vekk.
Og der kan ein skråla å drikka å svira,
å springa å gå litt på to og på fira,
å miga i sildrande bekk.

Telt til besver - fitjarposten.no
Teikning: Oddrun Hatlevik