Hypokondaren

Han Georg i Hendarsløyso var litt av ein kar,
han var øve tretti før han vart far.
Han fann seg ei noko yngre kona,
ho fekk Georgen sitt hjarta til å bråna.

Han var fødd hypokondar, trudde alltid han var sjuk,
ymse medisiner var alltid i bruk.
Dauden såg han for seg kvar einaste dag,
lite tok han del i lystige lag.

Han såg heller myrkt på framtida si,
han håpa at han levde til sonen var ti.
Men Georgen levde når sonen var fjorten,
då hadde han fått fem til av same sorten.

Georgen ante at da minka på tida,
han hadde fått so saltande vondt i sida.
Da var nok av den sorten so veks og veks,
og sønene var vaksne adle seks.

No såg han for seg gravølsdagen,
for verkjen hadde flytta seg  nedanfor magen.
Han rekna med fint vær på siste reisa,
og håpa at flagget på halv stong vart heisa.

Seks staute søner skulle bera kista,
han planla alt mens han låg på da sista.
Men so var da berre litt nyrestein,
og dei kom ut adle so ein.

Georgen vart gamal so adle hauga,
han ronda dei nitti før han dauga.
Slik ein alder er ikkje adle forundt,
so da å vera hypokondar er verkeleg sunt.

Hypokondaren - fitjarposten.no
Teikning: Oddrun Hatlevik