Organdonasjon

Peder´n og kono sat på kjøkenet i lag,
myrkret forsvann og da grydde av dag.
Kono las høgt på ein lækjarnotis,
den står på side ni i vår heimlege avis.

I dag handla stykkje om organdonasjon,
ja skrotten kunne sendast til ein mottakarstasjon.
Peder´n slo i bordet og vart i røysta streng,
eg har fakelen ikkje fleire organar enn eg treng.

Kono berre lo og sa, du må kje ta da slik,
du må kje ut med nokon ting før du ligge lik.
Men donasjonen må ordnast mens du er frisk og klår,
du leve sikkert enno i mange,mange år.

Peder´n tok til orde og sa at da er sant og visst,
eg helde søren ikkje nyra til ein kapitalist.
Og hjarta mitt skal ikkje pikka i ein høgrepartriot,
og sjølvsagt heller ikkje i ein austlandsidiot.

Organdonasjon - fitjarposten.no
Teikning: Oddrun Hatlevik.