Handleturen

Tone: Gangdøra heime.

Når Peder`n dreg til butikken å handla
med kipo på sin arme rygg.
Då frys han so tedna i skolten dei skrangla,
og isen er langt i frå trygg.
Men kono har sendt han, og då må han lya,
ho kunne ha reist sjølv, den baktunge slya,
men han våga kje sei ho i mot.

Han står framfor disken å klår seg i håve,
no gjeld da å huska på alt.
Han kjøper seg brød, både fine og grove,
litt sirup og to kilo salt.
Og lade og drops for å blidgjera fruo,
spenol på ei flaska til nevar og duo.
Ja Peder`n tenkjer på alt.

No huskar kje Peder`n meir han sku kjøpa,
da fydlest i kipa og korg.
Og tida er komen at no må han røpa
i dag lyt han handla på borg.
Da er slik om våren at isen den skrantar,
då vågar kje kono å senda kontantar,
men Peder`n flyt nok i land.

Handleturen - fitjarposten.no
Teikning Oddrun Hatlevik