Den nye folkesjukdomen

Klima og miljø, og litt om U-hjelp.

Gamle gode Noreg er aldeles gjeden av hengsla,
sleppe folk ein liten fjert so vert dei nesten fengsla.
Adle inn på tinget kakla om miljø
når hyrden i Bellona går rundt og seier bø.

Dagsrevyen viste ei so køyrde miljøvennleg bil,
men sama tytto hu har landstad i Brasil.
Mange tonn med drivstoff når ein fyke til og frå,
men slike bagatellar tenkjer dei kje på.

Natur og ungdom dei skrike uten stopp,
på fjernsyn i beste sendetid dukkar dei opp.
Dei lenka seg fast og legg seg flat,
hos staten får dei løn, klede og mat.

Dei som helde lengst ut med kjetting snø og frost
vert fanga opp av SV. og får ministerpost.
Ein dag kjem dei attende med saksa i si hand,
og opna gassfyrte kraftverk i heile Noregs land.

Ei hær i dress og slips med hausen fylt med spon,
som tar seg sjølv høgtideleg og er ein delegasjon.
Dei reiser rundt i verda og berre ser og ser,
og stundom får dei på seg hjelm og arbeidsklær.

Dei reiser rundt til u-land med pengesekkjen open,
dei fattige jublar, no kan dei kjøpa våpen,
So kan dei skyta vilt med kuler og granat,
og dei som øveleve har att litt meira mat.

Slik virkar u-hjelp ifrå eit vanstyrt land
som ausar ut pengar som finkorna sand.
Dei gamle i Noreg gneg på vekegamalt brød,
mens andre krepera i lange helsekø.

Den nye folkesjukdomen - fitjarposten.no
Teikning: Oddrun Hatlevik