Etter valget

Valget da er øve, alt er slik som før,
vekke er kandidatar som gjekk frå dør til dør.
Sleiske smil og roser frå kvinner og frå menn,
me veit da går fira år før dei smiler til oss igjen.

Dei tryglar om vår stemma som hunden etter mat,
kvar enda ein vil inn att og sitja der dei sat.
Lovnader i hytt og pine, men godtfolk ver på vakt,
da einaste dei ynskjer er å kava til seg makt.

Dei delar posisjonar alt etter vit og forstand,
da er jo heilt naturleg at da går hand i hand.
Ein liten klikk skal hersa med oss og bygdo vår,
med latterlege vedtak i nye fira år.

Etter valget - fitjarposten.no
Teikning: Oddrunn Hatlevik