Tenåringar

Da er kje spøk å ha tenåringar i hus,
og gjø dei opp på pizza og brus.
Ein treng ikkje prøva å gje dei fisk,
å eta slikt er for stor ein risk.
 
Men får dei pølsa og potetestappa
då er dei pop både mamma og pappa.
Til langt på dag dei ryt i si seng,
for mykje søvn er ein ting dei treng.
 
Dei dusjar og stedle med kroppen sin,
der står dei til varmen i vatnet forsvinn.
Dei kan kje jobba å hjelpa deg,
fordi dei har alltid nettopp vaska seg.
 
Jentene går i høystakk ( miniskjørt ) på kaldaste året,
da gjeld å visa mest muleg av låret.
Gutane si buksa er saggande sid,
med plass til heile skuleranselen i .
 
Dei putlar og mekkar på gamle mopedar,
å få dei i nitti er den store gleda.
Da gjeld å styra unna lensmannen si klo,
for ellers må dei betala fira tusen to.

Tenåringar - slik stokken ser da - fitjarposten.no