Kommunetraktoren

Eg står parkert ned ved gamleheimen,
men gamal sjølv da er eg neimen.
Eg er ca. ti ,og er ein John Deere,
er liten og slett ikkje store og svere.

Heile vinteren står eg klappa og klar,
på naso ein knøtliten snøplog eg har.
Kjettingar har eg på adle hjul,
felgane og plogen er tirande gul.

Bak har eg ein kasse med strøsand i ,
og strør på isen so ingen skal gli.
Ellers er eg mala grøn,
slit og strevar uten løn.

Kommunen kunne tenkt seg å eigt meg,
til no har dei berre leigd meg.
Dei styrande har oppdaga at (leasing ) er tull,
for eigaren er eg verd mi vekt i gull.

Kommunetraktoren - fitjarposten.no
Teikning: Oddrun Hatlevik