Peder`n i solnedgang

Peder`n sit på tofta i færingsbåten,
han er på fjorden etter sei.
Han likar å fiska på gamlemåten,
og båten er stødig og brei.

Med Tidemann blå i pipo
Han sindig om årane held.
Og snøret heng slakt over ripo,
da er juni og går imot kveld.

Havalda lyftar han opp og ned
Som ei kjempestor risehand.
Her ute har Peder`n sjelefred,
åleina, langt i frå land.

Han har rodd her å fiska si han liten var,
Han huskar turen så vel.
I saman med far sin, og bestefar,
stundom han sleit som ein trel.

Eit praktfullt syn i vest han ser,
da vakraste han har sett.
Da er sola som nett held på å gå ned,
der himmel og hav går i ett.

Solskiva raudlett i havet søkkjer,
i gullskjær og glitrande eim.
Junikveldens ljos sakte seg sløkkjer,
og Peder`n ror lukkeleg heim.

Pederen i solnedgang. Fitjarposten.no