Full fart i Fitjar

Da er bra å vera Fitjarbu no om dagen,
med pengar i banken og føda til magen.
Heile kommunen på høgtrykk går,
me vonar da varer i mange år.

Verksemder må hyra inn ekstra folk,
dei er ikkje norske, dei må ha tolk.
Da er svært so ofta me i aviso lese
om store farty på Sveiseneset.

Hos Vik og Sandvik vert mykje forandra,
dei byggjer eit hus og trer nedpå da andra.
Spar tenar fett på alt dei får selja,
Toralfen får gnagsår når han kassen skal telja.

Hos Engjavikjen dei køyrer ut plankar og bord
og reiser bygg i sør og nord.
Smikko i Kråko kan lyst på livet sjå,
hu har fått masse hyttefolk å knaska på.

På Årskog dei sveittar med sement og sand,
dei blandar og køyrer til land og strand.
Kvednanesen byggjer so breide båtar
at dei minnar litt om Kon Tiki flåtar.

På Sjoarreset strevar både kvinner og menn
med vindaugo og dørar som går opp og igjen.
Bøndene dei spreiar møk og lagar stank,
og pumpar finfine søtmjølk på tank.

Den nya gassferjo den hadde verkeleg hast,
hu sleit laus lemmen som før sat fast.
Alt i alt so lever Fitjarbuen bong,
og snart får me billege straum i frå Dong.

Full fart i Fitjar
Teikning: Oddrun Hatlevik