Bleieskiftande pensjonist

Då Peder,n var yngre og hadde ungane små
var da kono so tok bleiene tå og på.
Han var van med at slik sku da vera,
å stella småborn da ville han slett ikkje læra.

Peder,n er av den gamle sorten,
han gjekk på arbeid og kono tok lorten.
Men no har dei badnaborn dagen til ende,
so no er rollane endevende.

Kono går på jobb og skyttar sitt fag,
Peder,n passar ungar kvar einaste dag.
at dei er trivelege da kan nok henda,
men dei er opne i begge enda.

Når dei sit stilt i ei krå på lur,
kjenne Peder,n sneken og den er sur.
Han spring rundt og opnar adle glaso,
tek maska for munnen og klypa på naso.

I stivbeint tråv på badet da bere,
knikten ler og synest besten er svere.
Han ligg kje i ro på Peder,n sine kner,
føtene dei sprelar opp og ner.

So er da bleie tå og bleie på,
Peder,n er letta og tar munnbindet tå.
Han synest at småen med slikt kunne venta ,
da hende som oftast nett før foreldrene henta.

Bleieskiftande  pensjonist
Teikning: Oddrun Hatlevik