Lutanda løa

No er eg gamal og av dagar mett,
nordvesten ruskar i mitt morkne skjelett.
Panna etter panna ramlar ned,
snart går eg vel øve i den evige fred.
 
I gamle dagar stod eg so rank og fin,
tok i mot alt høyet dei køyrde inn.
I floren hyste eg både gris og ku,
ja da var andre tider du.
 
I høystålet leika ungane når dei vaksne sov,
for å herja i løa var slett ikkje lov.
I høyet har ogso andre hatt da hett,
eg seie kje meir,for med slikt held eg tett.
 
Med utsyn til Fonno og holmane kring
var eg vitne til mange forunderlege ting.
Frå dampbåtar med røyk so kolande svart,
til Ernst,n med skuleruta i fykande fart.
 
I mange år stod eg der tom,
lika til dei hersens vegfolka kom.
Då reiv dei meg galant i to,
berre so vidt at køyrebrua stod.
 
Men natto til den femtende i januar måned
tok orkanen Per og mol meg til småved.
Han sparte kje på krutet du slette tid,
eit minnerikt løeliv er dermed forbi.

Lutanda løa
Teikning: Oddrun Hatlevik