Magre Februar

Stormagasin er den sluaste fienden me har,
dei skriv (kjøp no og betal i februar).
I adventstida handlar folk øve styr,
fristelsane er mange, dei rundt oss kryr.

Gåvene til jul vert større og fleir,
folk har snart ikkje plass til meir.
Tilgangen er faktisk so kjempestor
at me kastar gåvene me fekk i forfjor.

I januar då får me verkeleg stryk,
resten av pengane avgarde fyk.
Då krev dei sitt både kommune og stat,
då kan me sjå langt etter bugnande fat.

Før jul me var so hakkande galen
at no er me moden for sosialen.
Kvart år me gjere same tabben,
so i februar vert da å syga på labben.

Magre februar
Teikning: Oddrun Hatlevik