Ein fotterapeut

Eg er Margot, eg har fotklinikk,
ser på føter med eit fagleg blikk.
Nokre føter dei er svart som sot,
andre liknar på ei brakarot.

Eg i blådress sete på min krakk,
vøler føtene til allslags pakk.
Bra at ikkje folk må berføtt gå,
då hadde da blitt mykje rart å sjå.

Nokre har fot som solalær,
sopp og vorter mellom alle tær.
Andre dei er blå og luktar gamp,
boblar når dei trør ned i min stamp.

Veit om ein som har ein fot så stor,
kom til meg på vårparten i fjor.
Tok kje i han aldrig i mitt liv,
fòr til ein som hesteskoing driv.

Ei eg har som aldrig går ein tur,
med føter som eit middels kvigejur.
Ei anna sit med beino i spagat,
då eg brukar doble vaskefat.

Som de ser, eg har da ikkje lett,
men med godt humør så går da greitt.
Vatnet etter fire vekers drift,
sel eg ut som prima ugrasgift.

Ein fotterapeut
Teikning: Oddrun Hatlevik