Advent

Kjem du igjennom Dybvikja ettermyrkret fell på,
er da ikkje måte på stas du får sjå.
Da glitrar og funklar i titusen lys,
verken hus eller frukttrær ser ut som dei frys.

Når desember kjem dreg dei stigande fram,
Og kler sine hus i lysande ham.
Dei står dei og vaklar høgt øve bakkjen,
Mens sørvesten pustar dei kaldt i nakkjen.

Bilistar som vanlegvis susar forbi,
Sakkar på farten og gjev seg tid.
Nokre stoppar, går ut for å glana,
Dei synest da er reine fata morgana.

Eit hus liknar nissen sin rein på beite,
der vert nok sikringar gloande heite.
Nokre meinar folk er heilt på styr,
da er som Las Vegas i miniatyr.

Advent
Teikning: Oddrun Hatlevik