Peder`n på Julabord

Ja Peder`n han vart beden
på julabord her ein kveld,
han heldt på å vandra heden,
men stod da alikavel.

Og skjegget han av seg raka,
tek på sine beste kle,
han gler seg til julekaka
og alt da som høyre te.

Han et og han drikk og dansa
med damer av adle slag,
og før han seg riktig sansa
er natt vorten lyse dag.

Han orka kje heim att vandra,
han er ikkje særleg lur,
han stiller seg opp i Evjo,
og venta på drosjetur.

Der møter han sterke menner
som hata å stå i kø,
dei slår ut sju-åtta tenner,
so Peder`n han fekk blø.

I strekk og meste utan snute
han ligg på si vonde seng,
mens pøblane syng der ute,
på Rundingens grøne eng.

Peder`n på Julabord
Teikning: Oddrun Hatlevik