Feiaren

Feiaren

Han kjem stigande igjenom grenda
so ein høyvyrd general,
men når sant skal seiast er da feia han skal.
Med flosshatt og feiardress, ikkje noko tull,
og knappar på jakken av puraste gull.

Før spratt feiaren opp på adle tak,
for da er jo i grunn ei enkel sak.
Men i år hadde han primadonnanykkjer,
da er da nok fleire enn Peder`n so tykkjer.

Han ville kje feia for nokon pris,
frå høgare hald hadde han skrifteleg bevis.
Han peika på stigen med naso i sky,
eg feia ikkje før du har kjøpt deg ny.

Og taket da mangla stigetrinn,
og pipo den må nok gjerdast inn.
Når eg kjem attende må stigen stå,
då sjølvsagt med retta hadlingo på.

Peder`n kjøpte seg utstyr og feidde sjøl,
sjølv om han er gamal, stiv og støl…
Da er rart med dei so på reglane sete,
dei har visst ete for mykje potete.

Feiaren
Teikning: Oddrun Hatlevik