Hjortajakt

Dei ligg på magen i full mundur,
på standplass på rekkjer og rad.
Dei prøver å treffa ein pappfigur,
forventningsfulle og glad.

Til hjortaprøven dei førebur seg,
men langt i frå adle treff mål.
Til prøven vert da ein tungvindt veg
der dei i lause lufta skyt hål.

Salve på salve dei fyrer laus,
og kronene rullar fort.
Dei drøymer om viltkjøt i brune saus,
knapt noko smakar betre enn hjort.

Hjorten den beitar på åker og eng,
han samlar seg i store flokkar.
Han hoppar lett øve not og streng,
for bondens avling den lokkar.

Og midt i eit måltid da kjem eit smell,
ein hjort har enda sitt liv.
Forundra han over ende fell,
og får smaka jegerens kniv.

Hjorten som før for så lett på fot,
Har havna på bondens fat.
I lag med Kerrs Pink og gulrot
er han verdens dyraste mat.

Hjortajakt
Teikning: Oddrun Hatlevik